På sitt eige vis og med sitt eige språk fortel Reidun Mellem frå møte med nikvinner. Den tiande historia har ho opplevd sjøl. Historiane dreier seg om evakueringshøsten 1944 og kva som skjedde i Nord-Troms og Finnmark. På kort varsel blei folk jaga frå heimane sine. Dei unge kvinnene hadde ansvar for små barn og gamle foreldre, dei visste lite om reisemåte og reisemål og måtte overlate husdyra i fiendehender. To faghistorikarar legg ramma omkringhendingane. Bjørn Petter Finstad fortel om krigen og evakueringa og Anders Ole Hauglid om tilbakekomsten til nedbrente bygder, der han viser korleis folk satsa alt på å komme seg tilbake til heimplassane sine. Nynorsk.