På sitt eige vis og med sitt eige språk fortel Reidun Mellem om 2. verdskrig som var ei tøff tid for dei som budde i Finnmark og i Nord-Troms. Landsdelen var offer for både evakuering og brenning. Befolkninga blei jaga frå heimane sine og mange var tvungen til å reise sørover. Andre klarte å redde seg ved å flykte opp i fjellet. Felles for dei fleste var at dei trong hjelp og omsorg frå andre for å klare seg. Boka fortel blant anna om ein redningsbragd som fant sted i Storsteinnes i Lyngen, der fleire folk bidro til å berge ein tysk soldat, ein desertør fra Sallafronten i Russland. Dei klarte å halde liv i desertøren heilt frå 1941 og fram til freden kom, dette til trass for den harde medfarten dei sjøl fekk av tyskerane. Forfattaren har sjøl opplevd evakueringstida i Nord-Troms.