Operaperler på biblioteket

Musikk og konsert
For alle

Velkommen til lunsjkonsert på biblioteket i sommer!

Bilde av sopran Nora Oleanne Sårheim og pianist Andreas Løken Taklo
Bilde av sopran Nora Oleanne Sårheim og pianist Andreas Løken Taklo
Bilde av sopran Nora Oleanne Sårheim og pianist Andreas Løken Taklo

Gratis - ingen påmelding

Dato

fredag, 25. juli

Tid

11:30 - 12:30

Sted

Legg til i kalender

Etter eit musikalsk samarbeid gjennom snart 20 år, er sopran Nora Oleanne Sårheim og pianist Andreas Løken Taklo eit velsmurt maskineri og eit fyrverkeri av ein duo! Dei to Florøværingane har spelt seg gjennom store delar av landet både saman og kvar for seg, og no tek dei endeleg turen til Nord-Noreg for å syne fram litt av det opera har å by på i konsertform.

Sårheim har sine mastergrader frå Griegakademiet (UiB) og Operahøgskolen (KHiO). I dag er ho frilansar med base i Oslo. Sårheim er velkjend for sine solokonsertar, og hennar unike og sterke formidlingsevne har gjort ho til ein ettertrakta songar både i private og offentlege lag. Taklo har sine mastergrader ifrå Barrat Due og NMH. For tida er han tilsett ved Den Norske Opera og Ballett som repetitør, ved sida av frilansverksemd både som pianist og akkompagnatør.

Operaperler vil vere ein konsert både for den operaconnoisseuren, og for dei som er mindre van med genren og kanskje er meir nyfikne. Sårheim og Taklo vil kyndig lose sitt publikum gjennom konserten og deler historier om komponistane, operahandlinga og musikken. Med dette skapar dei ei eiga stemning rundt kvart nummer, slik at kvar einaste tilskodar får kjensla av å vere del av heile operaverda.

Programmet er samansett av både kjende og ukjende verk, frå Britten til Puccini, men publikum finne ro med at øyra deira er i trygge hender; her vert det berre vakre tonar. I tillegg framførast heile programmet i nye, nynorske omsettingar, gjendikta av Sårheim. Konserten passar spesielt godt for dei som er 12 år og oppover, men der er inga aldersgrense på å sleppe inn. Der vert heller inga øvre aldersgrense på konserten, men artistane advarar om at programmet kun har vore testa på publikum opp til 104 år!

Konserten varer i 1 time, og framførast utan pause.